Barnas kommunestyre med klar tale til dei vaksne: - Nummer 14 er viktigast

Sjetteklassingane ved Bergsøy skule, Borga troppa opp på rådhuset med eige kommunestyre fredag. Dei hadde med seg viktige bodskapar til dei vaksne lokalpolitikarane.
null
Ung

Når det gjeld klima og miljø, har engasjementet til Borga-elevane alltid vore stort. Fredag var det sjetteklasse sin tur til å seie si meining om korleis ein kan jobbe mot FN sine berekraftsmål lokalt. I tillegg til det unge kommunestyret, sat påtroppande ordførar Bjørn Prytz (Ap) og fleire som jobbar i kommunen i salen for å lytte til barna - og ta med seg det viktigaste vidare til det verkelege kommunestyret.

Fire saker

Barnas kommunestyre hadde fire saker på sakslista:

• Kva skal skje med Borga?

• Plast i havet

• Kva skal vere det viktigaste berekraftsmålet for Herøy kommune?

• Vindmøller i Herøy

Elevane sat gruppevis, med eigne partinamn. Som i eit ekte kommunestyre, kom dei som hadde noko å seie fram til talarstolen og argumenterte for sine synspunkt.

Gjekk for berekraftsmål nr. 14

Etter møtet spør vi Tomine Voksholm Kopperstad og Lykke Larsen om korleis det heile var.

– Det var veldig kjekt. Det mest spennande var å sjå kva for berekraftsmål som vann. Vår gruppe valde nr. 7: «Rein energi for alle», fordi vi er så mange i Herøy, og vi blir berre fleire. Då treng vi meir og rein energi. Det kan ein få til dømes ved å installere solcellepanel på taket til Sunnmørsbadet og på andre hus, seier jentene.

Dei fleste gruppene røysta på berekraftsmål nr. 14, «Liv under vatn», som dei ønskjer at Herøy kommune skal jobbe ekstra målretta med.

Elles kom Barnas kommunestyre fram til følgjande konklusjonar i dei andre sakene:

• Dei er glade i skulen sin. Han skal bli reparert! Knapt fleirtal.

• Alle må verte flinkare til å rydde - og det trengst meir forsking på metodar for å få vekk plast i havet. Dei gav saka vidare til kommunestyret.

• Barna er samrøystes imot vindmøller i Herøy.