EU-støtta dobbeltkonferanse om klima – for Søre Sunnmøre:

– Korleis skal vi redde kloden vår?

Tusenkronersspørsmålet er korleis vi menneska skal endre kurs. Måndag var klimaet i fokus på Larsnes. Først var det ungdomen som fekk kome med nyttige råd. Deretter var det folkemøte og fleire forslag til gode tiltak.

Dei som er vaksne no, er dessertgenerasjonen. Dei har skapt eit ordentleg rot.

Ole August Iversen, nestleiar, ungdomspanelet
Ung

Den storstila satsinga hadde Larsnes som utgangspunkt for ei samling for ungdom, og seinare på dagen ei for «folk flest» på Søre Sunnmøre. Denne veka skal det også gjennomførast liknande samlingar på Nordre og Indre Sunnmøre.

Redusere utslepp

– Bakgrunnen er tydeleg. Klimagassutsleppa skal ned 45 prosent innan 2030, altså om vel ti års tid. Her på Larsnes har vi møte om klima på same dag som FN drøftar nye klimatiltak. Utfordringa gjeld oss alle og i heile verda.

Det seier Einar Haram, prosjektleiar for Sunnmøre Regionråd sitt arbeid med kommunal revisjon av klima- og energiplanar.

Då vi snakka med Haram undervegs i samlinga, der ungdom frå alle dei fem kommunane på Ytre Søre Sunnmøre deltok, sa han seg imponert over engasjementet til dei unge.

– Dei syner ekte interesse for temaet og vi ser at dei har fleire forslag på blokka til tiltak vi kan gjennomføre lokalt og regionalt. Frå Sunnmøre Regionråd sin ståstad vil det vere av stor interesse at kommunane samlar seg om nokolunde felles målsettingar. Det ville vere lite hensiktsmessig om kommunane sette seg vidt forskjellige målsettingar, seier Haram.

EU-sponsor

Det var Guri Bugge, klima- og energirådgjevar i Klima Østfold, som styrte samlinga for ungdomen måndag. Ho kan fortelje at opplegget i stor grad er finansiert av EU, gjennom programmet Horisont 2020.

– Mitt klare inntrykk er at ungdomen er veldig opptekne av denne saka og ynskjer å bli høyrde. Det ser vi mellom anna her i dag, men også med tanke på den store oppslutnaden kring streikane og aksjonane for klimasaka, seier Bugge i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Utfordrar kommunane

Ho utfordrar også kommunane til å ta alle signal på alvor, der handling – og ikkje ord – bør bli resultatet.

– Ungdom har kunnskap om saka og fortener at deira innspel vert tekne med vidare i arbeidet med klima- og energiplanar rundt omkring i kommunane, legg Bugge til.

Planen er at innspela, anten dei kjem på gule lappar eller verbalt, blir tekne med tilbake til kommunane. I den grad det er mogleg blir dei også baka inn i lokal planlegging og gjennomføring.

Tydeleg frå ungdomspanelet

Ein ungdom som fekk taletid på ungdomssamlinga måndag er nestleiar Ole August Iversen i fylkeskommunen sitt ungdomspanel. Han seier mellom anna:

– I dag arbeider de med vår tids største krise, og det er verkeleg krise. Om vi ikkje når 1,5 gradersmålet, risikerer vi at utruleg mange av verdas artar døyr ut. Ikkje nok med det – Sannsynlegvis kjem langt over 200 millionar menneske til å bli drivne på flukt.

Han kunne elles fortelje at ungdomsråda i vårt fylke skal kome med fem ulike krav til sin respektive kommunar, i kampen for å få reduserte utslepp.

Synte til valresultatet

– No handlar det om å bli tekne på alvor. Ved siste valet har vi sett stor framgang for parti som har miljø som si hovudsak. Det viser at ikkje berre ungdomen ønskjer meir tydeleg klimahandling, men også dei vaksne, seier Iversen.

Han oppmoda folk til å setje press på dei større partia, «som ikkje har vore tydelege nok», som han uttrykte det.

– Få kommunestyret til å inkludere dykk i arbeidet med å kutte utslepp. De må få dei som styrer til å innsjå kva slags ressurs de er og korleis dei kan arbeide med dykk. Det er dei som er vaksne no, som er dessertgenerasjonen. Dei har nytt godt av å hemningslaust utnytte jorda sine ressursar og skape eit ordentleg rot som vår generasjon blir tvunge til å rydde opp i. Då må vi invitere dei til å hjelpe oss med oppvasken, heitte det i ungdomspanelet sin utsending til klimakonferansen.

Folkemøte

Utpå ettermiddagen måndag vart Breidablik, som eignar seg ypparleg for denne typen samlingar, rigga på nytt igjen. Då var det folkemøte om klima. Bakgrunnen er Parisavtalen og målet om temperaturreduksjon. Her vart det fokusert på lokale målsettingar, korleis det offentlege kan legge til rette, det var innlegg frå næringsliv og miljørørsle. Også her var det gruppearbeid med fokus på gode miljøtiltak.