Konkurrerer om talentstipend på 25.000

Alexander Nikolaev (11) frå Fosnavåg er yngst av fire finalistar som kan vinne den gjeve premien.

UKM Herøy 2019  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ung

Fiolinisten Alexander har allereie rukke å bli nokså kjend i lokalsamfunnet, og mange har latt seg imponere av hans musikalske talent.

Søndag spela han på Draumekveld-konserten i Volda, der han og dei tre andre talenta som konkurrerer om prisen, vart akkompagnert av den anerkjende komponisten og pianisten Wolfgang Plagge.

Fiolinisten frå Fosnavåg er veldig glad i klassisk musikk.

– Alexander øver nok ein del meir enn gjennomsnittet, seier fiolinlærar Andrine Longva Kopperstad i ein kommentar på Herøy kulturskule si Facebook-side.

Talentstipendet vert delt ut av Sunnmøre kammerfestival i samband med Sparebank! Søre Sunnmøre og går kvart år til eit ungt klassisk talent frå regionen. Kven som får stipendet på 25.000 kroner vert kunngjort på den siste konserten i Kammermusikkfestivalen i Volda, 7. september.