Musikkprisen er ein nasjonal musikkonkurranse, og vinnaren får spele inn plate i Ocean Sound Recordings og spele opningskonsert under Jugendfest på Color Line Stadion i august. Finalen finn stad på Terminalen i Ålesund 19. juni, og her skal Ufokusert spele tre melodiar.

– Vi er utruleg takknemlege. Vi ser på dette som ei kjempefin moglegheit til å få spele musikken vår for fleire. Det er utruleg kjekt at det finnast slike arrangement som opnar opp for at ferske musikarar som oss får vist fram det vi jobbar med, seier dei unge musikarane i pressemeldinga.

Ufokusert er eit interkommunalt band frå Søre Sunnmøre, og medlemmar er Marius Osborg (Ørsta), Henrik Solheim Stave (Ulsteinvik), Emma Sævik (Herøy), Svenning Veiseth (Hareid) og Ludvik Brune Leikanger (Sande).

Ungdomane er straks ferdige med andre året på musikklinja på Volda vidaregåande. Dei skriv musikken sin i lag og jobbar med å utvikle den i fellesskap. Dei har skapt seg ein god arbeidsflyt til trass for bandnamnet. Dei har spela saman i eit og eit halvt år, og vore å sjå på lokale festivalar og konsertar.

Dei deltok også på Ungdommens Kulturmønstring i Ulstein/Hareid i vår, der dei tok seg vidare til fylkesfinalen. Av over 100 sceneinnslag var det berre fem som gjekk vidare, Ufokusert var eitt av dei. Det betyr at dei får delta på Landsfinalen til Ungdommens Kulturmønstring i Trondheim frå 24.-28. juni.

Rett før det skal dei også spele under "Opplev Hareid" 21. juni.