3.-5. mai vart UKM fylkesfestivalen i Møre og Romsdal arrangert i Braatthallen, i Kristiansund. . Her deltok heile 323 ungdom med ungdomskultur frå si heimkommune, fordelt på totalt 102 sceneinnslag, 57 kunstobjekt, konferansierar, arrangørar og mediacrew.

Herøy og Sande representert

Tradisjonen tru får eit lite knippe deltakar moglegheit til å representere Møre og Romsdal den nasjonale UKM festivalen som i år vert arrangert i Stjørdal. Dei heldige er plukka ut av eit fagpanel beståande av profesjonelle innanfor dei respektive sjangrane, samt mentorar innan sjangrane konferansierar, media og arrangør. Utvalet er gjort med grunngjeving i eit mål om å vise breidde, mangfald, kvalitet og kreativitet.

Ingen sceneinnslag eller kunstinnslag går vidare frå Herøy eller Sande, men det betyr ikkje at våre kommunar ikkje er representerte. Det «interkommunale» ungdomsbandet Ufokusert, som representerer Hareid, har nemleg tatt seg vidare. Eit representativt Sunnmøre-bidrag kan ein vel seie, då vokalisten Emma Sævik kjem frå Herøy, bassisten Ludvik Brune Leikanger er frå Sande, trommisen Marius Osborg er frå Ørsta, Svenning Veiseth frå Hareid spelar piano og gitaristen Henrik Stave er frå Ulstein.

– Vi synest det er utruleg stas å få moglegheita til å vere med på dette, vi er heilt i hundre! Vi gler oss veldig til å få stå på scena og dele musikken vår saman med alle dei andre dyktige ungdommane landet har å tilby.

Det seier Emma Sævik i ein kommentar til Vestlandsnytt like etter resultatet vart kjent.

Her er bidraget til Ufokusert.

Olav Beitveit er nominert

Sidan det er eit avgrensa deltakarplassar i sjangrane konferansier, media og arrangør vert deltakarane frå denne lista endeleg valt ut frå kva UKM-festivalen har plass til og behøver for å få ei god samansetting. Dei er altså nominert, og er ikkje nødvendigvis sikra ei reise til Stjørdal. Ein som imponerte ekstra på festivalen i Møre og Romsdal og er nominert til å kunne verte plukka ut er sandssokning Olav Beitveit. Han deltek som arrangør.

Sjå heile lista over kven som har gått vidare her!