– For meg er det viktig at boka opnar for spørsmål tidleg i historia. Den må gi meg ein grunn til å lese den og ikkje låse seg fast. Ideelt sett får ein forfattar oss til å tenke på boka sjølv når vi ikkje les den, det gjer ei bok god.

Det seier Tobias Myklebust Rønnestad. Vi møter niandeklassingen saman med to andre medelevar, Sarah Wilnes og Noelle Lillerovde, i eit friminutt på Stokksund skule. Dei er halvvegs komne i ein dobbeltime då lokalavisa bankar på døra.

– I dag får vi hjelp av ein profesjonell teater og litteraturkritikar. Ho lærar oss korleis vi skal sette ord på kva som gjer ei bok god eller ikkje, forklarar Wilnes.

Ein av sju i Noreg

Dagens lærar og dama Wilnes refererer til, er Karen Frøsland Nystøyl. Ho er mellom anna kjend som bokmeldar for både NRK og Vårt Land. I dag er ho her som «kritikarfadder» for niandeklassingane. Dei er nemleg med på eit stort landsomfattande prosjekt, der dei saman med seks andre niandeklasser utgjer juryen som skal kåre årets ungdomsbok. Klassa er godt i gang med å lese gjennom dei fem nominerte bøkene, og skal etter kvart gi sin dom. Deretter skal representantar frå dei sju forskjellige klassene møtast i mai på Litteraturfestivalen i Lillehammer, to elevar frå kvar klasse skal legge fram meiningane frå si klasse i storjurymøte.

– Dei er på rett kjøl og har lese mykje allereie. Eg er her for å hjelpe dei med å sette ord på deira eigne meiningar. Dei har mange kloke refleksjonar kring det dei les, det handlar berre om å sette ord på meiningane. No er dei i startgropa på veg til å finne dei verkeleg gode formuleringane som andre kan vere einige eller ueinige i, seier Nystøyl om elevane sin framgang i prosjektet.

Ikkje spesielt leseglade, men …

Wilnes og Lillerovde fortel oss at dei truleg ikkje er dei som er mest begeistra over litteratur i det daglege. For dei er snarare ein god TV-serie å føretrekke. Likevel er dei glade for å kunne delta i dette prosjektet.

– No skal eg ikkje seie at alle dei fem bøkene vi les er like bra. Nokre er tyngre å lese og vi dømmer dei deretter. Men alt i alt er det kjekt å lese bøkene og samanlikne dei. Ein ting som er betre med bøker samanlikna med TV-seriar er at ein kan lage sine eigne bilde på ting, seier Lillerovde.

– Det er interessant å sjå kor viktig det er at ei historie har spenningstoppar og varierande dramaturgi, legg Wilnes til.

Myklebust Rønnestad på si side er meir begeistra for bøker. Han fortel at han er størst tilhengar av bøker forankra i verkelegheita. Faglitteratur og krigshistorie er hans klare favorittar, og såleis er prosjektet midt i blinken for han.