YHU-elevar i klimastreik: - Vi har forstått alvoret

Fredag flokka elevar frå Ytre Herøy ungdomsskule seg rundt Herøy rådhus og skulka skulen i klima- og miljødebattens namn.
Ung

– Det heile starta etter at vi såg videoar av Greta Thunberg (16-år gamal klimaaktivist frå Sverige red.mrk). Med god hjelp frå ein lærar fekk vi lære om demonstrasjonar, og vi i klasse 9D brukte så fritida vår på å engasjere ungdom frå alle klassene til å skulke skulen denne fredagen.

Det seier Rebecca Herskedal, Henriette Støylen og Emma Skår Kvalsvik. Dei tre jentene er blant dei som fyrst stod bak initiativet som no har resultert til at nær 100 elevar frå Ytre Herøy ungdomsskule har samla seg til demonstrasjon i Fosnavåg. Dei ropar og veivar med plakatane sine.

– Streik for miljøet. Stopp global oppvarming. #Fridayforfuture. Vi har ikkje tid å vente til vi er vaksne, er nokre av slagorda.

Elvane har også med seg søppelsekkar, for i tillegg til å demonstrerer plukkar dei bos langs grøftene.

– Har forstått alvoret

Dei tre jentene forklarar vidare at grunnen bak streiken ganske enkelt kjem av at dei no har forstått alvoret som verdssamfunnet står ovanfor med dei menneskeskapte klimaendringane.

– For å vere ærleg var vi ikkje heilt klar over alvoret før vi byrja å lære meir om det på skulen og lese om det. Men no har vi forstått det, og vi vil inspirere til forandring, seier jentene.

Må takast i alle ledd

Vi utfordrar elevane på kva konkrete tiltak som burde settast i verk lokalt. På spørsmålet er dei litt nølande, men resonnerer seg fram til eit svar.

– For det første er dette eit globalt tema. Det vil seie at kvar enkelt har eit ansvar. Vi er alle nøydde til å gjere endringar. Når det er sagt, meiner vi der er ting som kan gjerast i kommunen. Ein ting er å få opp fleire søppelbøtter som eit insentiv for at folk skal slutte å kaste frå seg bos i naturen. Eit anna konkret tiltak er betre kollektivtilbod så det blir lettare å reise miljøvenleg, forklarar dei.

Dei seier dei også saknar ein endå tydlegare klimadebatt i lokalpolitikken.

– Viktig å ta dei på alvor

Blant dei kommunale tilsette som kjem for å sjå på ungdommen, er kommunalsjef oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, og fagleiar Brit-Synnøve Torvik. Dei tek seg tid til å prate litt med ungdommen. Lillebø Remøy utfordrar mellom anna ungdommen på kva ein som enkeltperson kan gjere for å betre klimaet.

– Eg forstår at ungdomen kan bli skremt med alt ein høyrer om klima, og det er viktig at vi tek dei på alvor. Samtidig utfordrar eg dei på å drøfte kva dei sjølve trur om klimaspørsmåla og kva tiltak enkeltpersonar kan gjere. I slike debattar blir det ofte fokusert på kva andre kan gjere, men her må alle ta ansvar.

– Kva meiner du om at dei droppar undervisning for å demonstrere slik?

– Om dette går inn i noko som dei diskuterer på skulen og er noko meir enn berre ein happening for å få fri, då tenker eg dette er ein god ting, avsluttar Lillebø Remøy.