No har ho skrive kontrakt med a-laget

Jenny Gjerde Sætre blir ein del av a-stallen til Lyn komande sesong.

Har signert kontrakt: Gjerdsvikar Jenny Gjerde Sætre har signert kontrakt som gjer at ho blir ein del av a-lagsstallen til Toppserie-laget Lyn Fotball Damer i 2022.  Foto: Lyn Fotball Damer

Sport

Keepertalentet Jenny Gjerde Sætre gjekk frå Hødd til Lyn sitt rekruttlag tidlegare i sommar. I ei pressemelding melder Lyn Fotball Damer at gjerdsvikaren no har skrive kontrakt som gjer at ho blir ein del av a-stallen i 2022.