Gurskøy IL kåra til årets miniarrangør

Laurdag fekk Gurskøy IL pris under Sunnmøre fotballkrins sin årlege fotballgalla. – Stort for ein liten klubb som oss, seier Jeanette Tandberg i Gurskøy IL.

Fotballglede: Det var det som stod i fokus under miniturneringa som Gurskøy IL var vertskap for på laurdag. 90 barn, fordelt på 16 lag samla seg på Leikong for lagspel og fotballmoro.   Foto: Marius Skjervold (arkiv)

Sport

Det var under kategorien Årets miniarrangør at Gurskøy IL stakk av med både diplom pengepremie og heider. Sunnmøre fotballkrins arrangerte fotballgalla for å heidre klubbar og spelarar etter årets sesong.