Karsten Warholm kåra til årets internasjonale friidrettsutøvar

Karsten Warholms OL-gull og verdsrekord sende han heilt til topps i WA-kåringa av årets mannlege utøvar – som første nordmann i historia.

Karsten Warholm er den første norske vinnaren av prisen årets internasjonale friidrettsutøvar.  Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Sport

Prisen vart delt ut på prisgallaen til Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) onsdag kveld. Warholm vann prisen for menn i skarp konkurranse med Ryan Crouser (USA, kule), Armand Duplantis (Sverige, stav), Eliud Kipchoge (Kenya, maraton) og Joshua Cheptegei (Uganda, langdistanse).