Thomas hentar Manchester United-legender til Fosnavåg igjen

Denis Irwin og David May kjem til Fosnavåg laurdag. Nok ein gong er det erkesupporter Thomas Teige Sporsheim som trekkjer i trådane.

Klart for celebert besøk: Arrangør Thomas Teige Sporsheim og vert Ann-Helen Karlsen gler seg stort til arrangementet komande laurdag. Foto: Privat 

Sport

Det vert møte med dei to Manchester United-legendene på Ah Sport Lounge. Sjølvsagt vart det United-kamp på TV, og like naturleg er ein eigen seksvens der Irwin og May fortel historier frå The Red Devils sine store dagar då dei to var aktive.