Bergsøy snudde til siger i Herøyhallen

Ti minutt ut i andre omgang låg Bergsøy tre mål bak tabellnabo Sverresborg, men etter ei rask opphenting kunne laget kontrollere kampen inn til siger 28-26. - Spelarane la ned ein fantastisk innsats, seier hovudtrenar Larus Gunnarsson.

Bergsøy slo Sverresborg 28-26: Josip Tukic (nr. 7) var kampens store spelar med ti mål. I andre omgang traff han på seks av seks skot.  Foto: Geir Egil Eiksund

Sport

Etter ei to veker lang treningspause var det klart for kamp att for Bergsøy-herrane. Sverresborg frå Trondheim tok turen til Herøyhallen, eit lag som etter ein svak start på sesong stod med tre strake sigrar før oppgjeret laurdag.