Lars-Petter Rønnestad tilbake til Bergsøy Fotball

Lars-Petter Rønnestad blir Bergsøy sin nye sportssjef.

Moltustrandingen som tok Volda frå 4.- til 3.-divisjon er tilbake i Bergsøy. F.v. styreleiar Lars Conradi Andersen, sportssjef Lars-Petter Rønnestad og Ronny Pål Kvalsvik leiar for sportsleg utval.  Foto: Bergsøy IL

Sport

I ei pressemelding tysdag skriv klubben at Rønnestad blir eit viktig ledd i deira sportslege arbeid, og at han har signert ein 4 års avtale. Nyheita kjem kort tid etter at det blei klart at moltustrandingen har sagt frå seg rolla som trenar for Volda.