Sure miner i garderoben laurdag, men...

Bergsøy "reiste kjerringa" søndag

Bergsøy-karane mista motet etter at nok ein mann vart sett ut av spel under bortekampen mot Melhus laurdag.  Men dei klarte å legge tapet bak seg – og søndag imponerte dei stort mot Strindheim i Leanghallen.

Lovro Kresic: Han vart søndagens toppscorar, med heile 8 mål, eitt av dei frå 7M.  Foto: Stian Langlo Driveklepp (arkiv)

Sport

– Nei, i går spela vi ikkje bra. Vi var ikkje klare då vi kom frå oppvarminga, og Laurynas (Petrusis, red. mrk), som ikkje spela førre kamp fordi han var ein tur i heimlandet, vart skada etter 7–8 minutt. Det var veldig uheldig, seier trenar Larus Gunnarsson til Vestlandsnytt.