Bergsøy slo tilbake etter dårleg periode:

– Med fleire spelarar ute var dette bra

Eit svært redusert Bergsøy-lag kunne endeleg juble for siger igjen, etter å ha slått Charlottenlund 2 med 34-31. Men med fem spelarar ute med kneskade, ser trenaren det som viktig at kommunen no tek ansvar for spelarane.

Storspelar: Formpila peikar rett opp for Sztefan Manojlovity, som verkeleg har vist seg som ein god handballspelar siste kampane. Toppscorar med heile 12 mål, og elles mykje godt spel frå han mot Charlottenlund 2. Med tanke på den lange skadelista til BIL blir spelarar av Manojlovity sitt kaliber ekstra viktige.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Bana her er førti år gamal, og kneskadane florer i klubben. I dag mangla vi seks mann, og i løpet av kampen må også Raivis (Gorbunovs) gje seg. Sidan Einehallen skal vere klisterfri, så må vi ha alle treningane våre her. Kommunen vil gjerne at det skal spelast handball, men ta ansvar for fasilitetane sine vil dei ikkje, og det går utover mange jenter og gutar som vil spele handball.