Bergsøy øydela opprykksdraumen til Herd – leverte årsbeste på heimebane

Bergsøy leverte årets beste førestilling heime på Havila stadion i sesongens siste kamp. Men mål fekk dei utruleg nok aldri.

Glade Bergsøy-spelarar: F.v.: Fredrik Muren, Markus Kjelsli Ihle, Franjo Tepuric, Espen Langlo Driveklepp og Sondre Nygård Olsen. Dei såg elles prestasjonen i sesongens siste kamp som ein god grunn til ei aldri så lita feiring.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Det er nesten heilt perfekt dette, det var berre målet som mangla. I dag synest eg vi leverer ein taktisk perfekt kamp, og gutane viser verkeleg kva dei kan.