Larsnes/Gursken med stortap i sesongens siste kamp:

– Dei utnytta medvinden best

Hovdebygda var effektive, og sikra seg ein 4-1-siger på River Plate torsdag kveld. Dermed blir Larsnes/Gursken nummer sju denne sesongen, akkurat som i 2019.

Utnytta veret best: Hovdebygda klarte å bruke den kjølige vinden til sin fordel på River Plate. Dermed fekk LGFK-supporterane, som møtte opp trass berre to grader, inga god sesongavslutningsgåve frå LGFK-spelarane, her ved (f.v.) Lukas Fjørtoft Sandanger, Eirik Voksøy Bringsvor og Thomas Sætre Hauge.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

På ein kjølig torsdagskveld, med tidvis sterke vindkast, var det klart for den 11. og siste seriekampen for Larsnes/Gursken i 2021-sesongen. Kampen starta relativt jamt, men det var heimelaget som nok trykka mest på mot mål.