Larsnes/Gursken fekk det knalltøft mot Herd

Måndag kveld vart det omsider fotballkamp mellom Herd og LGFK. Det enda med stortap for sandssokningane, som no går inn i siste serierunde med mål om å bli best av laga i Herøy og Sande.

Fekk det tøft: Ifølgje trenaren skal Larsnes/Gursken ha spela ganske bra, men resultatet mot Herd vart likevel blytungt. Her frå møtet med eit anna lag i blått, Valder, tidlegare i sesongen.   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Sport

Det gjekk ikkje meir enn sju minutt før Herd scora kampens første, og når 4. divisjonstoppscorar Erlend Nicolai Fjeldstad deretter fylgde opp med hat trick i løpet av 21 minutt, såg det ganske stygt ut allereie etter 35 minutt.