Bergsøy tapte klart for serieleiaren:

– Vi gjer det bra i 35 minutt, men så seier det stopp

Ligaens klart beste lag, seier Bergsøy-trenar Lárus Gunnarsson om Lillehammer Faaberg (LFH09), etter at innlandslaget vann 33-21 i Herøyhallen laurdag.

God motstand: Erik Herman Ruud Helgesen (t.v.), Lovro Kresic og dei andre Bergsøy-spelarane sleit med å trenge gjennom det solide LFH09-forsvaret.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Det var lenge ein særs spennande handballkamp, der to gode lag fylgde kvarandre tett i målprotokollen. Mellom anna stod det 7-7 etter 13 minutt, etter at heimelaget også hadde leia kampen ved eit par høve.