Desse karane har blitt tatt ut til regional landslagssamling

To av Bergsøy Handball sine herre/G20-spelarar har blitt tatt ut til regional landslagssamling i Trondheim, 18. og 19. oktober.

Villak Bjørlykke (t.v) trur det blir givande å få spele med toppspelarar på hans eige aldersnivå. Theodor Leine (t.h) 16 seier handballen tek mykje av tida hans. Då er det deileg å få «løn» for strevet med moglegheita til å spele med dei beste i landsdelen.  

Opp gjennom åra har det vore handball, handball, handball for min del.

Theodor Leine
Sport

Dei to dyktige karane er Theodor Leine (16) og Villak Bjørlykke (17). Fyrstnemnde er tatt ut blant 2005-modellane, og Bjørlykke er tatt ut blant 2004-modellane. Begge figurerer jamleg på herrelaget, og er viktige brikker på G20-laget, skriv organisasjonen sjølv. No får dei igjen for innsatsen dei har lagt ned og utviklinga dei har hatt.