Ingen Bergsøy-fest mot Hødd 2:

– 60 svært dårlege minutt

Bergsøy inviterte til fest, men lenge var det gjestane frå Ulsteinvik som stod for all underhaldninga. Først då Franjo Tepuric entra kunstgraset vart det liv i Bergsøy.

Fotballfest: Godt over 300 nytta høvet til å oppleve gratis lokaloppgjer, og sjølv om Hødd 2 spela hovudrolla, var det ein fotballkamp for publikum. Her er Kristoffer Dalstrøm involvert i ein luftduell.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Hødd gjorde det vi skulle gjere. Dei var best i duellane, dei sprang mest og var eigentleg først i alt. Dei første 60 minutta var vi svært dårlege, og forsvarsspelet vårt var elendig.