Bergsøy fekk det tøft mot godt Volda 2-lag, men likevel noko positivt:

– Framgang frå sist møte

Bergsøy sine handballdamer har fått ein tung start på sesongen. Tysdag scora Volda sine nest beste dobbelt så mange, og vann 38-16 i Herøyhallen.

God motstand: Fleire av Volda 2-spelarane er også involverte rundt klubbens førstelag, og gav naturleg nok Synne Aasen, Eileen Baumann Jensen og dei andre Bergsøy-spelarane ein god kamp.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Vi visste at dette ville bli tøft. Volda 2 blir nok å finne i toppen, og i dag hadde dei med seg fleire spelarar som også er med på 1. divisjonslaget. Likevel synest eg at vi heng overraskande godt med i første omgang, og vi er vel berre fire mål bak på eit tidspunkt.