Bergsøy med braksiger på bortebane: Vann 8-0!

– Dette var vilt bra!

Etter ein del motgang dei siste kampane losna det skikkeleg for Bergsøy fredag kveld. Nils-Erik Engen scora heile fire mål då herøyværingane sikra plassen i 4. divisjon på imponerande vis.

JUBELKVELD: Bergsøy har all grunn til å vere fornøgde etter 8-0 over Norborg/Brattvåg 2. Vi ser her f.v. assistenttrenar Ingrid Beate Smådal Hide, firemålsscorar Nils-Erik Engen, Bendik Frøysa, Pijus Marcinkevicius, Daniel Pettersen Jøsok og hovudtrenar Frank Sverre Skorpen.  Foto: Runar Olsen/Bergsøy Fotball

Sport

Bergsøy har slite både med å skape sjansar og med dårleg utteljing i det siste, og derfor var det nok ikkje berre underteikna som forventa at herøyværingane skulle få ein tøff kamp borte mot Norborg/Brattvåg 2. Men det vart det slett ikkje.