Larsnes/Gursken knuste Emblem:

Plassen sikra etter målfest

LGFK blir å sjå i 4. divisjon også i 2022 etter å ha banka Emblem med heile 6-1 torsdag.

Preben Sætre: Først sette han ballen kontant heilt oppe i hjørnet, og deretter leverte han to kjappe scoringar til. Alt på under tjue minutt, og dermed ekte hat trick på Sætre. Her er han på veg forbi Emblem-forsvaret under 2-0-scoringa.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Det var ein herleg siger dette. Det er alltid godt å vinne fotballkampar, spesielt når vi får litt mål. Kjekt at Preben får seg nokre scoringar, etter det som vel må vere tidenes byte.