Ambisiøse Ingrid Beate (22) om rolla som assistenttrenar for BIL-herrane:

– Kommentarane har vore positive

– Eg var budd på at kommentarane skulle vere meir negative enn dei har vore. I Langevåg jubla dei endatil for at det kom ein kvinneleg trenar.

Har am­bi­sjo­nar: Al­le­reie for to år sidan for­tal­de Ing­rid Bea­te Små­dal Hide oss om sto­re tre­nar­am­bi­sjo­nar. No har ho kome no­kre steg på ve­gen, som as­sis­tent­tre­nar for Bergs­øy sitt her­re­lag. Eit lag ho fram­leis har am­bi­sjo­nar om å bli ho­vud­tre­nar for: – Men eg er budd på å ta no­kre om­ve­gar før eg kjem dit. Det er heller ik­kje BIL som er sis­te må­let mitt, sei­er Små­dal Hide. foto: sti­an lang­lo dri­ve­klepp 

Sport

Etter å ha lagt ned eit enormt timetal for klubben, og stadig teke på seg nye oppgåver, fekk Ingrid Beate Smådal Hide før denne sesongen tilbod om å vere assistenttrenar for Bergsøy sitt herrelag i 4. divisjon. Det synest ho sjølvsagt var kjekt.