Bergsøy fekk det tøft i Hovdebygda:

Raudt kort og personlege feil

Allereie ved pause leia heimelaget 2-0, og sjølv om Bergsøy heva seg etter kvilen vart det til slutt eit klart tap i Hovdebygda. Som om ikkje det var tungt nok for herøyværingane, så vart også kapteinen utvist.

Tøff motstand: Hovdebygda lagde mykje trøbbel for Bergsøy, her ved Daniel Sandvik og Bendik Frøysa.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Hovdebygda feira opninga av sin nye stadion med gratis kake til tilskodarane, og for heimelaget skulle det heller ikkje ta meir enn seks minutt før det også vart jubel på bana. Etter litt møljespel måtte Bergsøy til slutt gje tapt, og 1-0 var eit faktum.