Valder snudde kampen og sikra sterk siger mot Larsnes/Gursken:

– Vi trudde kanskje at vi er betre enn det vi faktisk er

LGFK såg ut til å styre mot ein ny siger, men to kjappe Valder-scoringar snudde kampen og sikra gjestane ein fortent 2-1-siger.

Fekk det vansklegare enn venta? LGFK-spelarane fekk god kamp av Valder.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Eg kjente meg sikker på at vi skulle vinne heilt til vi tok leiinga 1-0. Etter dette stoppa det meir og meir opp for oss, og til slutt vann Valder fullt fortent. Vi trudde kanskje at vi er betre enn det vi faktisk er.