Duellar på rekke og rad då LGFK utlikna heilt på tampen

Det vart eit duellfylt og jamt lokaloppgjer då Bergsøy og Larsnes/Gursken spela 1-1 fredag kveld. Det er begge lag middels fornøgd med.

Sentrale aktørar: Kevin Andre Aarvik Hestholm, som vart LGFK sin redningsmann i målet, og målscorarane Pijus Marcinkevicius og Preben Sætre.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Både keepermangel hos LGFK, diskusjonar om Bergsøy var usportslege som ikkje ville flytte kampen, og jamvel Bergsøy sitt val om å bruke pengar på å hente heim spelarar som studerer i Bergen, var ingrediensar i det som var ei uvanleg heftig opplading til lokaloppgjeret mellom Bergsøy og Larsnes/Gursken.