Vestlandsnytt strøymer 4. divisjonskampen mellom Bergsøy og Larsnes/Gursken direkte:

Fredag er det endeleg duka for lokaloppgjer igjen

Fredag 10. september er det endeleg klart for lokaloppgjer i 4. divisjon i fotball. Larsnes/Gursken FK tek turen til Havila Stadion i Herøy. Før avspark i kampen som Vestlandsnytt strøymer direkte, er det keeperkrise på gang.

Endeleg lokaloppgjer igjen: Fredag er det klart for den direktestrøyma kampen mellom Bergsøy og Larsnes/Gursken. LGFK-trenar Anders Helsem Hoff (t.v.) og BIL-trenar Frank Sverre Skorpen ser fram til å endeleg kunne møtast på bana igjen.  Foto: Stian Langlo Driveklepp/arkiv

Sport

Både Bergsøy og Larsnes/Gursken (LGFK) har starta årets sesong i 4. divisjon sterkt. Begge lag står med tre sigrar og eitt tap før laga møtest til den direktestrøyma kampen på Havila Stadion fredag 10. september klokka 18:30.


Éin situasjon var "heilt klasse"

Medan Larsnes/Gursken kunne vise til full pott på heimebane hittil, skulle ikkje Hareid ha mindre sjølvtillit på bortebane etter å ha banka Emblem med 5-0. Det var eit fint utgangspunkt for ein underhaldande kamp , og begge lag sine trenarar var klare på at dette var ein kamp dei skulle vinne.


Dette blir det einaste lokaloppgjeret denne sesongen, då det berre er sett opp halv sesong i 4. divisjon på grunn av pandemien.

Keeper-trøbbel

LGFK-trenar Anders Helsem Hoff ser fram til kampen, men laget har utfordringar på keeperplassen.

- Vi jobbar med å få på plass keeper til fredag. Enn so lenge har vi ikkje klart å løyse det. Keeperen vår Simon Skeide har nemleg ein jobb som gjer han utilgjengeleg ein del fredagar, mellom anna førstkomande.

Og når andrekeeper Kurt Ove Longva er på sjøen, står laget attende utan målvakt fredag.

Difor spurte LGFK om å få flytte kampen til ein annan vekedag, noko dei har fått lov til av andre klubbar allereie.

- Hadde vi fått spele torsdag som vi spurte om, så hadde vi hatt Skeide med. Vi fekk flytta kampane både mot SIF/Hessa og Norborg/Brattvåg 2 tidlegare i sesongen, men Bergsøy nekta. No ligg i alle høve alt press på dei, seier Helsem Hoff.

Går for siger

Laget jobbar med å finne ei løysing til fredag, men onsdag føremiddag hadde dei enno ikkje funne ei løysing. Likevel vil trenaren gå for tre poeng.

- Laget elles er sterkt. Vi har slite med ein del sjukdom tidlegare, men no er dei aller fleste utespelarane klare. Vi skal verkeleg gje Bergsøy kamp på fredag, og håper at mange sandsokningar tek turen og heiar oss fram.

- Prøvde å flytte kamp

Bergsøy-trenar Frank Sverre Kopperstad Skorpen ser fram til å ta imot LGFK på fredag. På spørsmål om kvifor dei ikkje gjekk med på å flytte kampen, svarar trenaren:

- Nei, vi har prøvd å flytte kampen, men med damekamp på Havila stadion onsdag, og gutar 16-kamp torsdag, så fann vi ikkje tid på stadion.


Sesongens første bortesiger for Bergsøy:

– Ein skikkeleg lagsiger

Bergsøy heldt nullen for tredje gang denne sesongen då dei fredag vann 2-0 over Langevåg. No ventar lokaloppgjer mot Larsnes/Gursken.


I tillegg kjem to spelarar med fly frå Bergen frå fredag til laurdag for å vere med på kampen.

- Dei hadde allereie bestilt billettar, seier Skorpen.

- Men kva tenkjer de om at motstandarlaget kanskje må stille med ein utespelar i mål?

- Det er ein del av gamet å mangle keeper. Vi må sjølv stille med keepertrenaren vår i mål, og vi har kalla opp gutar 16-keeperen til å sitje på benken. Vi slit også. Det er eit spesielt år. Synd det skal vere slik, men det er få keeperar på søre om dagen.

Trur på open kamp

Trass i keeper-utfordringar hjå motstandaren trur Bergsøy-trenaren på ein open kamp.

- Vi tenkjer at det blir ein open kamp. Tabellen lyg ikkje. Vi har stor respekt for LGFK. Dei har mange gode enkeltspelarar, og kan absolutt gje oss trøbbel. Det kjem til å bli ein spanande kamp, men vi er på heimebane, og går for siger.

Fem sigrar på rad

Bergsøy har vunne dei fem siste teljande kampane mot LGFK. Trenaren har tru på at rekkja kan halde fram.

- Ja. Alt slikt ryk jo ein eller annan gong, men vi satsar på at det ikkje skjer no på fredag.

No håper han på fullt trøkk på stadion.

- Vi håper at det kjem flest mogleg Bergsøy-supporterar på stadion. Og så kjem det heilt sikkert ein del bortesupporterar også. Vi fortener alle ein folkefest som dette etter nesten to år utan. Eg kjenner at eg får frysningar berre av å tenkje på det. Det blir ein godbit av ein kamp, avsluttar Skorpen.

Og kampen kan du sjå direkte på Vestlandsnytt.no.