Bergsøy ute av NM, men heroisk andreomgang gav spenning heile vegen

Den første omgangen var rett og slett tung for Bergsøy mot eliteserielaget Halden. Etter pause var derimot herøyværingane klart best, og vann omgangen 13-8.

Lovro Kresic: Vart (som vanleg) Bergsøy sin toppscorar. Denne gang med fem mål.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Bergsøy var med i kampen dei første fem minutta, i det som etter kvart utvikla seg til å bli eit mareritt av ein førsteomgang for herøyværingane. På det tidspunktet var stillinga 3-3, etter at Bergsøy også hadde leia både 2-1 og 3-2. I det kampuret ringte etter 30 minutt var stillinga derimot heile 10-21.