Fortent siger til Larsnes/Gursken

Medan Larsnes/Gursken kunne vise til full pott på heimebane hittil, skulle ikkje Hareid ha mindre sjølvtillit på bortebane etter å ha banka Emblem med 5-0. Det var eit fint utgangspunkt for ein underhaldande kamp , og begge lag sine trenarar var klare på at dette var ein kamp dei skulle vinne.

Steffen Moltu headdar inn 1-1 målet for Larsnes/Gursken.  Foto: Steffen Kvalsund

Sport

Før kampen hadde ein forventningar om ein jamn og open kamp mellom to aggressive lag som ligg side om side litt over midten på tabellen. Begge lag tapte i sist serierunde og skulle såleis vere i revansjemodus til denne kampen.