Sesongens første bortesiger for Bergsøy:

– Ein skikkeleg lagsiger

Bergsøy heldt nullen for tredje gang denne sesongen då dei fredag vann 2-0 over Langevåg. No ventar lokaloppgjer mot Larsnes/Gursken.

Leverte flotte scoringar: Målscorarane Pijus Marcinkevicius og Magnus Myklebust fotografert etter sigeren over Langevåg.  Foto: Bergsøy Fotball

Sport

– Dette var ein nesten perfekt bortekamp. Langevåg har berre ein sjanse i løpet av 90 minutt, og det var eit skot frå 40 meter som gjekk i tverrleggjaren. I dag stod gutane opp, og dette var ikkje nokon enkeltinnsats – det var laget som kjempa saman.