Sprek mosjonsfestival på Moltustranda: Sjå stor bildeserie frå arrangementet

Fredag, laurdag og søndag kunne endeleg ein etterlengta Moltustranda Mosjonsfestival gå av stabelen. Mykje folk samla seg på Munkvoll stadion for sosialt samvær, underhaldning og viktigast, mosjon.
Sport

Arrangementet starta fredag kveld og det var Herøy-ordførar Bjørn Prytz og festivalsjef Heidi Tarberg som opna showet. Begge var rause i omtalen då dei snakka fram dugnadsinnsatsen i bygda og engasjementet som ligg bak ein festival av slikt kaliber som mosjonsfestivalen.