Larsnes IL og Sparebanken Møre gjer seg klar for stolt tradisjon:

– Kjempehappening

Fotballskule på Larsnes stadion har blitt ein stolt seinsommartradisjon i Sande. I år blir inkje unntak.

Proff rettleiing: I fjor fekk deltakarane på fotballskulen proff rettleiing frå mellom andre Hødd-spelar og gursking Preben Sætre. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik 

Sport

Tradisjonen tru arrangerer Larsnes IL Fotball sin årlege, tredagars fotballskule tysdag 17. til torsdag 19. august på Larsnes Stadion. Skulen er eit mangeårig samarbeid mellom Sparebanken Møre og Larsnes I.L.