Endeleg fotballkamp igjen - og slik var det

Det var mange smil å sjå på Larsnes Stadion der dei lokale seniorlaga Larsnes/Gursken og Bergsøy møttest til den første treningskampen sidan pandemien stoppa all idrett mars 2020.

  Foto: Steffen Helsem Kvalsund

Sport

Nesten 500 dagar har gått sidan sist laga spelte tilsvarande kamp, men no var endeleg ventetida over. Ramma rundt kampen med flott vær og grøn bane kunne knapt vere betre, og godt over 100 tilskodarar hadde møtt opp for å støtte sine lag.