Her blir det fotballgolfbane:

– Det blir heilt fantastisk

Nå blir det snart mogleg å spele fotballgolf på Hareid.

Fotballgolf: Oddhild Sandanger (styreleiar i Sunnmøre Golfklubb), Lillian Kleven Breivik frå Sparebank 1 i Søre Sunnmøre, Jan-Lennart Urke frå Urke Maskinservice, Christer Adrian Mork (styremedlem i golfklubben) var onsdag med initiativtakar Anders Mork og fotballgolfentusiast Ola Kalvø Vattøy på omvising på den nye fotballgolfbana ved Sunnmøre Golf FOTO: ANDREAS BJERKNES  Foto: Andreas Bjerknes/Vikebladet Vestposten

Sport

Det er to og eit halvt år sidan planane om eit fotballgolfbane i Hareid vart klekte. No er det berre nokre få veker igjen før den splitter nye bana kan takast i bruk og både golfklubben og eldsjelene gler seg stort til å sleppe gamle og nye fotballgolfarar lause på dei ni hola.