Metizport spelar måndag for å kvalifisere seg til den norske eliteserien i E-sport:

- Vi har alt å vinne

Dagleg leiar i den Herøy-baserte E-sport-klubben Metizport, Arjan Dalsøren, er optimist før dei måndag kveld skal spele om eliteserieplass.

Arjan Sakarias Dalsøren Sydhagen (18): Dagleg leiar i Metizport trur klubben har alle forutsetnadar for å kunne hevde seg i noregstoppen. Han vil elles ha fokus på å bygge opp breiddetilbodet framover.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Sport

– Vi møter sterk motstand, Fact Revolution er trass alt eit fyrstedivisjonslag. Men vi har ein engasjert gjeng som har alt å vinne. Då er alt mogleg, seier Dalsøren då Vestlandsnytt slår på tråden for å snakke om kampen.