Herøy biljardklubb med storsatsing i sentrum - får eigen kafédel

Når Herøy Biljardklubb opnar dørene i Fosnavåg sentrum, vert det med mykje betre plass og eigen kafédel.

Slår eit slag for ungdommen: Ved å flytte salongen til Holmsild, skapar Herøy biljardklubb eit nytt aktivitetstilbod og samlingspunkt i sentrum. Her ser vi nestleiar i klubben, Jan Over Kvalsund Hansen, med to viktige støttespelarar; utleigar Jon Robert Moen og banksjef Henning Karlsen i SpareBank 1 Søre Sunnmøre. 

Sport

– Biljardsalongen har alltid vore open for alle, også dei som ikkje er medlemer i klubben, men folk har kanskje kjent på at der berre er plass til dei som spelar.