Vil opne for at idretten for barn og unge kan krysse kommunegrensene

Ordførarane på Søre Sunnmøre meiner det er på tide å vurdere om barn og ungdom skal kunne drive idrett på tvers av kommunegrensene på Søre.

Herøyordførar Bjørn Prytz: Illustrasjon.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Sport

Måndag sende Sunnmøre Fotballkrets brev til ordførarane på Sunnmøre der dei bad om at kommunane måtte opne for aktivitet på tvers av kommunegrensene. Etter eit digitalt møte, der innspelet frå fotballkretsen vart drøfta, har ordførarane i "Sjustjerna" svara.