God aktivitet i Herøy biljardklubb for tida - Sætre i eliteturnering

Det er god aktivitet i HBK for tida og vi har framleis spelarar i alle divisjonar.

Matias Sætre, som er HBK sin einaste elitespelar denne sesongen, fann ikkje flyten og var ikkje nøgd med spelet sitt.  Foto: HBK

Sport

Denne helga var det eliteturnering i Ask, der topp 16 i Noreg var samla. Med strenge smitteverntiltak kunne dei heldigvis arrangere både NC3 8-ball og NC4 9-ball. Matias Sætre, som er HBK sin einaste elitespelar denne sesongen, fann ikkje flyten og var ikkje nøgd med spelet sitt. Han hamna likevel på 7.-plass i 8-ball og 9.-plass i 9-ball og viser at han høyrer til i eliten.

– Vi håper at koronasituasjonen ikkje set ein stoppar for vidare aktivitet og tek sjansen på å ynskje juniorane våre lukke til med landslagssamling komande helg.