Full fart igjen for HBK:

Herøy biljardklubb i storform

Etter ein lengre koronapause har biljardaktiviteten no tatt seg opp igjen, og den lokale biljardklubben gjer det skapt.

FI­NA­LE­MOT­STAN­DA­RAR: Hen­ning So­lem (t.v.) og Hen­rik H. Pettersen møt­te kvar­an­dre i førstedivisjonsfinala i Fos­na­våg. Her var Hen­rik over­le­gen. 

  • Henrik Hauge Pettersen (1)
  • Henning Solem (2)
  • Jonas K. Hansen (3)
  • Svein Rune Notøy (3)
  • Trond Bendal (5)
  • Dag Torbjørgson (7)
  • Ali Mirzaei (7)
  • Roger Daniel Helland (9)
  • Geir Vangen Kvalsund (9)
  • Asbjørn Pettersen (9)
  • Joakim Skauvik (9)
  • Resultat for HBK, 2.div.:
  • Dag Torbjørgson (1)
  • Joakim Skauvik (2)
  • Roger Daniel Helland (3)
  • Britt-Sølvi H. Pettersen (3)
  • Victoria H. Pettersen (5)
  • Asbjørn Pettersen (5)
  • Preben Vike (7)
  • Resultat for HBK 1. div.:
  • Jonas K. Hansen (1)
  • Jan Ove K. Hansen (2)
  • Henrik H. Pettersen (5)
  • Svein Rune Notøy (5)
  • Maron Pettersen (9)
  • Dag Torbjørgson (9)
  • Ali Mirzaei (9)
  • Britt-Sølvi H. Pettersen (13)
  • Joakim Skauvik (13)
  • Roger Daniel Helland (17)
  • Geir Vangen Kvalsund (17)
  • Asbjørn Pettersen (17)
  • Resultat for HBK 2. div.:
  • Dag Torbjørgson (1)
  • Maron Pettersen (5)
  • Svein Rune Notøy (5)
  • Joakim Skauvik (7)
  • Roger Daniel Helland (9)
  • Asbjørn Pettersen (9)
  • Victoria H. Pettersen (9)
  • Britt-Sølvi H. Pettersen (9)
Sport

Sidan alle biljardsalongane vart stengde i mars har det vore lite aktivitet på biljardfronten. NM, EM og regionsturneringar vart avlyst, og i likskap med andre idrettar har det vore usikkert om det ville bli meir speling i år.

I denne ventetida har Noregs Biljardforbund brukt tida på å innføre eit nytt ratingsystem, som har ført til at mange spelarar vart flytta frå ein divisjon til ein annan. Dette betyr at spelarane på nytt må opparbeide seg poeng. Denne poengsummen vil vise kva for ein divisjon ein skal spele i, får vi opplyst.

– Frå Herøy biljardklubb er det berre Matias Sætre som framleis speler i eliten, medan Jonas K. Hansen, Jan Ove K. Hansen og Henrik H. Pettersen hamna i 1. divisjon. Dei er no godt i gang med å sanke poeng og resultata frå turneringane viser at dei på ingen måte har teke pause i treninga medan det har vore koronastengt, opplyser HBK til Vestlandsnytt.

FEKK VISE SEG FRAM: HBK sine yng­ste me­dal­je­håp fekk vise kva dei kan i opp­var­mings­tur­ne­rin­ga i Hyl­le­stad. Bil­jard­klub­ben gler seg til dei vert 13 år og gam­le nok til å del­ta i tur­ne­rin­gar i regi av Noregs bil­jard­forbund. Ro­bin Hauge Pettersen (t.v.) og Ari­an Kval­sund Hansen.  Foto: HBK

Turnering i Fosnavåg

Biljardklubben kan vidare fortelje om stor glede då det endeleg vart opna opp for turneringar igjen, og den første regionsturneringa i 9-ball kunne gjennomførast i Fosnavåg i midten av august.

– Det var mykje godt spel denne helga og det vart berre HBK sine spelarar som kom på pallen i både 1. og 2. divisjon. I 1. divisjon møtte Henrik H. Pettersen og Henning Solem kvarandre i finalen som til slutt enda 7–1 til Henrik, medan Jonas K. Hansen og Svein Rune Notøy tok flotte tredjeplassar. I 2. divisjon var det Dag Thorbjørgson som stakk av med sigeren då han vann 6–2 over Joakim Skauvik i finalen, opplyser Britt-Sølvi Hauge Pettersen på vegner av biljardklubben.


Re­sul­tat for HBK 1. div.:

Hen­rik Hauge Pettersen (1)

Hen­ning So­lem (2)

Jo­nas K. Hansen (3)

Svein Rune Not­øy (3)

Trond Ben­dal (5)

Dag Torbjørgson (7)

Ali Mirzaei (7)

Ro­ger Daniel Helland (9)

Geir Van­gen Kval­sund (9)

As­bjørn Pettersen (9)

Joa­kim Skauvik (9)


Re­sul­tat for HBK, 2.div.:

Dag Torbjørgson (1)

Joa­kim Skauvik (2)

Ro­ger Daniel Helland (3)

Britt-Søl­vi H. Pettersen (3)

Victoria H. Pettersen (5)

As­bjørn Pettersen (5)

Pre­ben Vike (7)


FAR OG SON: Jan Ove Kval­sund Hansen og Jo­nas Kval­sund Hansen var fi­na­lis­tar i 1. di­vi­sjons­tur­ne­rin­ga i Hyl­le­stad.  Foto: HBK

Eliteturnering i Fredrikstad

Når det gjeld Matias Sætre, så har han vore i Fredrikstad for å delta i Noregscup for eliten. Der tok han ein imponerande 3.-plass i disiplinen 14-1, samt ein 5.-plass i 10-ball, og stadfesta dermed sin posisjon som ein av dei beste i landet.

Suksess i Hyllestad

Herøy reiste mannsterke til Hyllestad og slo frå seg også denne helga. Far og son Kvalsund Hansen imponerte stort med å gå ubesigra heile vegen til finalen i 1. divisjon. Finalen vart ein tøff batalje der begge viste biljardspel på høgt nivå og Jonas stakk av med ein fortent 6-3-siger over Jan Ove. I 2. divisjon var det Dag Torbjørgson som igjen tok 1.-plassen etter ein spanande finale mot Kim Ronny Nygård frå Hyllestad, opplyser Herøy biljardklubb.

– Herøy biljardklubb gratulerer spelarane sine med gode resultat! Vi ynskjer lukke til i NM for open klasse i Trondheim neste helg, fortel biljardklubben avslutningsvis.


Re­sul­tat for HBK 1. div.:

Jo­nas K. Hansen (1)

Jan Ove K. Hansen (2)

Hen­rik H. Pettersen (5)

Svein Rune Not­øy (5)

Ma­ron Pettersen (9)

Dag Torbjørgson (9)

Ali Mirzaei (9)

Britt-Søl­vi H. Pettersen (13)

Joa­kim Skauvik (13)

Ro­ger Daniel Helland (17)

Geir Van­gen Kval­sund (17)

As­bjørn Pettersen (17)


Re­sul­tat for HBK 2. div.:

Dag Torbjørgson (1)

Ma­ron Pettersen (5)

Svein Rune Not­øy (5)

Joa­kim Skauvik (7)

Ro­ger Daniel Helland (9)

As­bjørn Pettersen (9)

Victoria H. Pettersen (9)

Britt-Søl­vi H. Pettersen (9)


Ma­thi­as SÆT­RE: Le­ver­te god pres­ta­sjo­nar un­der ei eli­te­tur­ne­ring i Fred­rik­stad. alle foto: Her­øy bil­jard­klubb  Foto: HBK