Blir generalsponsor for biljardklubben

Sparebank 1 Søre Sunnmøre blir generalsponsor for Herøy biljardklubb dei neste tre åra.

PÅ LAG: Sparebank 1 Søre Sunn­mø­re går inn som spon­sor for Her­øy bil­jard­klubb. pres­se­foto 

Sport

Det vart opplyst i ei pressemelding torsdag.

– Vi er svært glade for å ha med oss SpareBank 1 Søre Sunnmøre på laget. Biljard er for alle, og samarbeidet med banken vil vere eit viktig ledd i å jobbe for at endå fleire får auga opp for biljard, seier Jan Ove Kvalsund Hansen, eldsjel og styremedlem i Herøy biljardklubb.

I den same pressemeldinga seier Henning Karlsen, banksjef ved Herøy-avdelinga, at han er imponert over det biljardklubben har fått til.

– I løpet av kort tid har Herøy biljardklubb vorte eit naturleg samlingspunkt for både unge og eldre innbyggjarar i Herøy. I tillegg har klubben synleggjort seg nasjonalt med fleire talent, seier Henning Karlsen.

Eit av desse talenta er Jonas Kvalsund Hansen, som banken tidlegare i år tildelte DRIVKRAFT-stipendet, som er banken sitt talentstipend.