No er det endeleg bestemt: Breiddefotballen er avlyst

Norges Fotballforbund stadfestar fredag at det ikkje vil bli noko seriespel for vaksne i breiddefotballen i år. No vil forbundet kjempe for at det igjen blir opna for trening med kontakt.

KANSKJE TIL VINTEREN? Sunnmøre fotballkrets stadfesta fredag at det ikkje blir seriespel i breiddefotballen i år. Men dei håper å få til ei viss form for turnering i løpet av vinteren. Her frå lokaloppgjeret mellom Larsnes/Gursken og Bergsøy på ein snøfull maidag i 2019.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Dette er ein trist dag for forbundsstyret, 18 fotballkretsar og ikkje minst alle klubbar og spelarar som er råka og har hatt eit håp om seriespel i 2020.

Det seier fotballpresident Terje Svendsen i ei melding på fotballforbundet sine sider. Her blir det vist at i tillegg til 2. divisjon kvinner og 3. divisjon menn vil det vere naturleg at dei ulike fotballkretsane avlyser øvrig breiddefotball for vaksne, som ein naturleg konsekvens av forbundstyret si avgjerd.

Fotballpresidenten seier vidare at dei no ønskjer tett dialog med helsemyndigheitene, der målet er å finne ei løysing som kan sikre at resterande delar av breiddefotballen får drive med kontakttrening, samstundes som smittevernrutinane blir følgt.

Kretsen vil finne løysing for aktivitet

– Basert på signala frå myndigheitene dei siste vekene så er vel neppe dette særleg overraskande for våre klubbar, sjølv om det er sterkt beklageleg. Vårt håp no er at Regjeringa snarast mogleg vil opne for vanleg kontakttrening for dei over 20 år også. Det blir viktig både på kort og lang sikt. Seniorfotballen er svært viktig for klubbane, både for å skape entusiasme og frivilligheit, seier kretsleiar Lena Pedersen på Sunnmøre fotballkrets sine sider.

Kretsen opplyser vidare at så snart det blir opna for vanleg kontakttrening og etter kvart også moglegheit for å spele kampar innanfor kretsgrensene, så vil dei sette seg ned saman med klubbane for å sjå på moglegheitene for å lage turneringsoppsett slik at det blir ein viss kampaktivitet utover vinteren.