Full fart i Fiskarhallen:

Endeleg miniturnering igjen!

Medan lokale seniorlag truleg må sjå heile 2020-sesongen gå fløyten, kan born og ungdom i haust boltre seg på lokale fotballbaner.

Miniturnering Fiskarhallen: Full fart og skikkeleg fotballjubel, med hallen full av folk. Slikt har mange sakna.  Foto: Anders Helsem Hoff/Bergsøy Fotball

Sport

– Dette var gøy, og eg kan skrive under på at det var ein spent og ivrig gjeng som møttest til turnering i Fiskarhallen laurdag.

Det fortel Anders Helsem Hoff, som er ein av trenarane til Bergsøy sine lag med spelarar som er fødde i 2013.

– Dei starta med treningar i fjor haust, og gledde seg sjølvsagt til 2020-sesongen, der kampane sjølvsagt er den store gulrota. Av kjende årsaker veit vi at kampane let vente på seg, og endeleg kan dei no spele og boltre seg ute på bana, kommenterer Helsem Hoff.

Miniturnering Fiskarhallen: Miniturnering Fiskarhallen: Her er et jubel, og tek vi ikkje feil, er det Bergsøy som har fått seg ei scoring!  Foto: Anders Helsem Hoff/Bergsøy fotball

Som fotballinteresserte kjenner til, har Hoff også eit ikkje ubetydeleg verv i seniorfotballen, som trenar for Larsnes/Gursken sitt 4. divisjonslag for herrar.

– Her ser det mørkt ut med tanke på avvikling av kampar i år, men vi får glede oss over det vi kan, seier han.

Glede var det i alle fall mykje av i Fiskarhallen, der det gjekk i eitt sett frå klokka 10 til 16 på laurdag.

Vertskapet Bergsøy IL delte sine 17 håpefulle opp i tre lag, og i tillegg var det 13 andre lag med på turneringa. Alle frå Ytre Søre luten.

120 spelarar var i første pulje, medan rundt 160 gutar og jenter tok del i pulje to, etter at dei andre var ferdige.

– Vi førebudde oss etter gjeldande smittevernreglar, og alle tilreisande gjorde det «etter boka» med tanke på smittevern. Dette var skikkeleg gøy, summerer Hoff opp overfor Vestlandsnytt.

MÅL? MÅL? I denne situasjonen ser det unekteleg ut som det kan ligge an til ei scoring.  Foto: Anders Helsem Hoff