Bergsøy forlengar keeper-kontrakter og hentar inn spelarar frå Ungarn

Bergsøy sitt herrelag i handball er godt i gang med førebuingane til 2020-sesongen. No har dei signert to spelarar frå Ungarn, samt forlenga kontrakta med sin keeper-duo.

Her ser vi trenar Einar Jónsson saman med sine to nye spelarar Robert Csernai (22) og Stefan Manojlovity (23).  Foto: Thomas Teige Sporsheim

Sport

Det er Robert Csernai (22) og Stefan Manojlovity (23) som er klare for Bergsøy, skriv klubben i ei pressemelding onsdag. Begge har trent ved akademiet til Ungarn sin største handballklubb, Veszprém KC. Robert er strekspelar medan Stefan er playmaker.

– Robert og Stefan er veldig gode forsterkningar. Vi mangla ein strekspelar og ein playmaker i laget vårt, og det har vi leita etter i heile sommar. Så vi er veldig glade for å ha fått dei inn. Dei har gått ein veldig god skule i Veszprém KC og passar veldig godt inn i systemet vårt, seier Bergsøy sin nye trenar Einar Jónsson, i ei pressemelding.

Trenaren frå Island er ikkje redd for å gå offensivt ut på vegner av Bergsøy.

– Vi er ikkje redde for å seie at vi skal kjempe om opprykk, det er vårt mål. Alle her jobbar hardt for at vi skal utvikle oss og eg er veldig nøgd med det. Spelarane som var her i fjor er godt trente, og no når vi får inn nye spelarar så ser det veldig bra ut, seier Jónsson.

Han rosar elles grunnlaget som vart lagt dei åra då Thomas Buchardt var trenar i Bergsøy.

Oddvar Johan Roseth og Petter Hovde Vinje skal sørge for å stenge mål den komande sesongen.  Foto: Thomas Teige Sporsheim

Roseth og Hovde Vinje med vidare

Bergsøy kan elles opplyse at deira keeperduo, Oddvar Johan Roseth og Petter Hovde Vinje, har signert nye kontraktar på eitt år kvar. Det er noko trenaren gler seg over.

– Eg er veldig nøgd med keeperane. ’Oddy’ har god erfaring og er kanskje den beste keeperen i 2. divisjon. Så det er veldig positivt med ein slik duo, seier Jonsson som også trur breidda i laget blir betre denne sesongen.

– Vi har nok meir bredde i stallen i år enn i fjor, sjølv om spelargruppa ikkje er den største. Vi trenar hardt og dersom vi er i god form så vil vi klare oss godt, avsluttar ein optimistisk trenar.