Herøy-damene Kine og Kristine markerte seg mot eliteserieklubbar denne helga:

– Er forbilde for dei andre

To lokale ansikt var svært sentrale då Volda Handballklubb møtte nyopprykte Levanger Håndballklubb og to eliteserieklubbar i Trondheim denne helga.

GODE: Kine Kvalsund (t.h.) og Kristine Vike markerte seg og fekk skryt av trenar Haldor Stefan Haraldsson då dei møtte trøndersk eliteseriemotstand.   Foto: Svein Halvor Moe

Sport

Både Kine Kvalsund og Kristine Vike var gode bidragsytarar då voldingane scora heile 27 mål mot det unge og spennande Byåsen-laget, som har mange landslagsspelarar. Volda sin islandske trenar Haldor Stefan Haraldsson fekk mange gode svar i det oppgjeret, sjølv om laget sleppte inn 44 mål. Kine og lagvenninnene leia 10–8 då fyrste omgang var halvspelt og dei tapte 14–18 i andre omgang.