Bergsøy stiller niarlag i enkeltserien for J19. Fyrste kamp skjer allereie neste veke:

- Blir tøft, men vi har eit godt lag

Bergsøy stiller lag i det som blir ein enkeltserie for J19 denne hausten. Allereie neste torsdag spelar dei på heimebane mot Blindheim.

INGRID BEATE SMÅDAL HIDE: Damelagstrenaren til Bergsøy var verkeleg i gang med å blåse liv i damefotballsatsinga i klubben då koronaviruset sette ein strek i rekninga.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Då A-laget ikkje har fått kome i gang med seriespel enno har trenar Ingrid Beate Smådal Hide gått for sin plan B. No har ho mønstra saman 12 spelarar under 20 år på A-laget for å spele i J19-serien. Fyrste kamp er allereie torsdag neste veke på heimebane mot Blindheim.