Han leia Molde frå 2. div. til Eliteserien på to år. No skal Einar få Bergsøy opp og fram:

– Utgangspunktet er veldig likt

Islandske Einar Jonsson har via heile sitt liv til handballen. I løpet av 16 år som hovudtrenar, har han opplevd ulike kulturar, sett unge handballspelarar utvikle seg til landslagsspelarar og ikkje minst vore med på ei rekke opprykk og gullmedaljar. No vil han bygge suksesskultur i Bergsøy.

Ei­nar Jons­son: – Som tre­nar får ein mog­leg­heit til å rei­se rundt og opp­le­ve noko heilt unikt, sei­er Jons­son om kar­ri­e­ren som har gitt han even­tyr med da­me­lag og her­re­lag både på Island, Fær­øy­ane og i Norge. Den om­rei­san­de tilverelsen har også gitt Jons­son ein del språk­kunn­ska­par, og med no­kre lå­ne­ord frå dansk og en­gelsk gjer han seg godt for­stått på norsk.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Eg håper at eg er den rette personen til å flytte Bergsøy høgare opp i divisjonssystemet. Eg ser i alle fall fram til å vere her, og til å bli betre kjent med handballmiljøet i Bergsøy.