Dei lokale laga er leie av «korona-trening» og vil kome i gang med sesongen, men:

Korleis blir fotballsesongen?

Etter to månadar med smitteverntilpassa trening har det byrja å krible i beina til dei eldste fotballspelarane. Men framleis er det ikkje heilt bestemt korleis sesongen blir gjennomført.

LO­KAL­OPP­GJER: Kampane mellom Larsnes/Gursken og Bergsøy er eit av høgdepunkta i lokalfotballen. Her ser vi eit bilde frå innmarsjen til fjorårets kamp mellom laga på River Plate. I år er det ikkje sikkert at det blir kamp mellom laga i Sande.   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Sport

Førre veke kunne barn og ungdom endeleg starte opp att med tilnærma vanleg fotballtrening. For spelarar over 20 år gjeld derimot framleis forbodet mot kontakttrening, så sant du ikkje representerer ein klubb i toppfotballen. For breiddefotballen er håpet no at kontakttrening skal bli tillate frå 15. juni.