Bergsøy handball forlenger med Ruud Helgesen

Bergsøy handball Handball signerte torsdag ein ny eittårsavtale med Erik Herman Ruud Helgesen for sesongen 2020/2021.

Erik Herman Ruud Helgesen saman med trenar Einar Jonsson.   Foto: BIL Handball

Sport

Spelaren vert av klubben omtala som ein av dei største handball-talenta på Sunnmøre, og får skryt for si utvikling i klubben.

Elles kan herrelaget sin nye trenar Einar Jonsson opplyse om at han saman med spelarane har starta oppkøyringa for neste sesong. Under restriksjonar for gjeldande smitteverntiltak har Bergsøy sitt herrelag igjen starta innandørs trening i Herøyhallen. Dette gjeld også for dei fleste av handballaga i Bergsøy.